Opnar i Volda

Helse Møre og Romsdal opnar no for at legane ved akuttkirurgien i Volda kan behandle akuttkirurgiske pasientar i helgene. Konstituert klinikksjef Ingrid Vasdal seier kapasiteten ved operasjon og sengepost i Ålesund er belasta, og at dei med helgeopninga i Volda vil få betre ressursbruk og betre pasientbehandling ved begge sjukehusa. Ordninga vil starte 16.desember.

Volda Sjukehus
Foto: Remi Sagen / NRK