Opnar fylkesveg

På fylkesveg 63 er strekninga mellom Geiranger og Langvatn brøyta. Vegen opnar difor etter planen igjen klokka 12.30 i dag. Det melder Statens vegvesen. Vegen har vore stengt sidan i går.

Fylkesveg 63 Trollstigen blir framleis stengt på grunn av vanskelege køyreforhold. Det vil bli gjort ei ny vurdering om eventuell opning av vegen på måndag.

Trollstigen 14. oktober 2021.
Foto: Arnt Olsen