Opnar for helgekirurgi i Volda

Helse Møre og Romsdal har gått inn for at pasientar kan bli operert på Volda sjukehus også i helgene. Frå før har ein vore nøydd til å reise til Ålesund dersom ein har fått akutt behov for operasjon i løpet av helga. – Føresetnaden for at vi går inn for dette no er at det gjerast innanfor budsjett, seier Nils Kvernmo, konstituert administrerande direktør i ei pressemelding. Startdato er i løpet av hausten.

Volda sjukehus
Foto: Marius André Stenberg / NRK