Russisiske styresmakter set strenge krav til anlegga, og berre 25 norske anlegg har i dag lov til å levere fisk til den russiske marknaden.
No opnar russerane for at fleire skal bli godkjende. Fristen frå Mattilsynet til å melde seg på inspeksjon går ut i dag. Seksjonssjef i Mattilsynet Henning Teigene reknar med at interessa for norske laksebedrifter er stor.
– Vi reknar med at det kjem inn fleire bedrifter som vil ha inspeksjonar, seier Teigene.
Strenge krav
Inspeksjonane vil verte gjennomført i siste halvdel av mai og er omfattande.
– Russiske styresmakter krev at anlegga som skal levere til Russland følgjer russisk regelverk. I stor grad er dette svært likt det vi praktiserer i Norge, men i enkelte tilfelle meir detaljert, seier Teigene.
Stor marknad
•
•
•
Russland er den tredje største marknaden for norsk laks. Marknadsanalytikar Paul Aandal i Eksportutvalet for fisk, seier dette kan bety mykje for norsk eksport av laks.
– Russland er ein dei viktigaste marknadane for norsk sjømat, så når fleire bedrifter for tilgang til denne marknaden kan føre til ytterlegare auke i norsk sjømateksport austover, seier Aandal.