Hopp til innhold

Opnar festival for innovativt landbruk

Utviklingsselskapet Nordveggen i Rauma vil stimulere til nytenking og gode idear når dei neste veke arrangerer Innovasjonsfestival på Åndalsnes.

Prosjektleiar Ane Marte Hammerø seier at målet er å skape ein kreativ møteplass for bedrifter og aktørar i ei tid då mange etablerte marknader sviktar.

Ane Marte Almås Hammerø

Nytenking er eitt av tema under festivalen i Rauma i neste veke. Prosjektleiaren er Ane Marte Hammerø.

Foto: Nordveggen AS

– I tider med svingande marknader er det mange som treng å tenke seg om, og det er både enkeltpersonar og bedrifter som treng å tenke nytt. Korleis kan ein bruke eksisterande kompetanse og ressursar på ein ny måte, seier Hammerø.

Tema for festivalen er framtida i landbruket, og alle som er interessert i utvikling i landbruk, moglege binæringar eller andre satsingar er velkomne.

Festivalen, som er ein del av den internasjonale gründerveka, blir i all hovudsak på Grand Hotell frå måndag 16. november til og med onsdagen. Nordveggen arrangerer festivalen saman med Hoppid.