NRK Meny

Opnar delar av Raumabanen

Det går no tog mellom Bjorli og Dombås. Strekninga har vore stengt i samband med rasfaren i Romsdalen, men Jernbaneverket har no avgjort at denne delen av Raumabanen skal haldast open. Jernbaneverket har fått dispensasjon til å frakte to togsett gjennom Romsdalen til Dombås for å kunne bruke desse toga i passasjertrafikk.