Opna ny sjøfront i Vestnes
I dag var det opning av den nye sjøfronten i Vestnes. Promenaden i tre har ein prislapp på 23 millionar kroner og er eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og næringsliv. Ordførar Geir Inge Lien seier at den nye sjøfronten er med på å løfte sentrum i Vestnes.