Hopp til innhold

Opna hindutempel i tradisjonelt bedehusland

I tradisjonelt bedehusland blir no landets fjerde hindutempel opna. Men leiaren for den største misjonsorganisasjonen i landet står blant gratulantane.

Hindutempel i Ålesund

Noregs fjerde hindutempel opnar i Ålesund i desse dagar. Innviinga er ei stor hending som svært få hinduar får oppleve gjennom eit heilt liv.

– Dersom vi skal ha eit tempel, må det vigslast. For dersom det ikkje blir vigsla, blir det ikkje noko åndeleg tempel, seier Rasathurai Sathinalingam, som er styreleiar ved Ålesund hindukultursenter.

Får gratulasjonar frå bedehuset

Øystein Engås

Øystein Engås er leiar for Misjonssambandet sitt arbeid i Noreg.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Hindutempelet i Ålesund er det fjerde som blir vigsla i Noreg. Og det skjer i eit område i landet der bedehuskulturen tradisjonelt har stått svært sterkt. Leiaren for Misjonssambandet sitt arbeid i Noreg, Øystein Engås, seier han er blant gratulantane.

Vi vil gratulere dei som får til noko. Det at dei får til dette, utfordrar ikkje mitt standpunkt. Eg får ha mitt, så får dei ha sitt. Heilt generelt er vi ivrige tilhengjarar av trusfridom, seier han.

– Kor enkelt er det å seie for ein misjonsmann?

– Det handlar om respekt for ulikskapar. Vi som kristne har godt av å øve på det, men også resten av samfunnet, seier han.

Har mangla fast møtepunkt

Suki Ponnuthurai

Suki Ponnuthurai seier det vil bli enklare å oppdra borna til å bli hinduar når dei no har ein fast møteplass.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Dei omlag 350 tamilane som bur i Møre og Romsdal har ikkje hatt noko fast møtepunkt for å dyrke tru og kultur. No får dei ein fast stad som er open heile veka. Både røykelsen og maten som blir servert, er spesielle. Prestane som står for vigselsseremoniane er komne både frå Engand, Danmark og Oslo for overlevere rituala som skal gjentas først om 12 år.

Eg trur det blir enklare å oppdra borna etter vår religion, og i vår religion, seier Suki Ponnuthurai.

Alle velkomne både på bedehuset og i tempelet

Rasathurai Sathunalingam

Rasathurai Sathunalingam inviterer alle til det nyopna tempelet i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Øystein Engås i Misjonssambandet seier dei ønskjer seg flest mogleg på bedehuset, men at det er heilt uaktuelt å prøve å omvende til dømes hinduar.

Vi vil ikkje ha noko offansiv evangelisering inn mot andre miljø. Misjon handlar om å gje folk eit val, seier han.

Sjølv om tempelet først og fremst er for dei er hinduar, ønskjer også dei alle velkomne.

- Ja, alle kan kome hit, seier Sathinalingam.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL