NRK Meny
Normal

På jakt etter nye talent til operaen

Operaen i Kristiansund vil ha fleire lokale stjerner, og i mai kan nye talent få sjansen til å prøve seg.

Operaen i Kristiansund vil ha flere lokale stjerner, og starter jakt blant ungdommen.

Operaen i Kristiansun søkjer nye talent, og dei håpar dei å finne gjennom ein audition.

Då Liv-Unni Larsson skulle spele "Donna Bacalao" i klippfiskoperaen i 2009, så måtte ho lære seg å snakke Kristiansundsdialekt. Slikt kan det bli mindre av, for no satsar Operaen i Kristiansund på lokale talent.

Signe Sefland

Signe Sefland håpar Operaen i Kristiansund kan dyrke fram store stjerner.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Me er rett og slett på jakt etter morgondagens musikk- og teaterstjerner i regionen vår, seier Signe Sefland som er marknadssjef i Operaen i Kristiansund.

Operaen i Kristiansund og NEAS har sett i gang satsinga "Klang", og målet er å finne lokal ungdom mellom 16 og 26 år som skal dyrkast fram til å kunne stå i sentrum på ei scene.

– Dei skal få lov til å utvikle seg til å bli nye, store, talent, som me håpar skal kunne stå på den lokale scena vår, men òg kanskje nasjonale og internasjonale scenar etter kvart, seier Sefland.

Treng ikkje kunne notar

Britt Westavik

Britt Westawik seier at dei nye talenta ikkje treng å kunne notar, for det skal dei lære dei.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Siste helga i mai blir det audition i Kristiansund, og då skal er håpet å finne dei som gjer operabyen litt mindre avhengig av stjerneimport.

– Me er på jakt etter dei som rett og slett elskar å syngje, og dei treng ingen førehandskunnskapar, for me kan hjelpe dei på vegen, òg med å lære notar, seier produsent i Operaen i Kristiansund, Britt Westavik.

Westavik seier Kristiansund er ein by med lange operatradisjonar, og ho synst dei har fått fram for få lokale talent. No håpar ho auditionen kan få fram musikalske talent.

– Det er klart, det hadde vore veldig kjekt om det kom ein operasongar, men det er ikkje målet, det er musikkteater som er målet, seier ho og legg til:

– Me søkjer talent til musikal, pop, og sjølvsagt opera.