Hopp til innhold

Opera i heile byen

At Festiviteten i Kristiansund er stengt på grunn av renovering stoppar ikkje Operafestvekene.

"Den glade enke"
Foto: Ken Alvin Jenssen

Operaelskarane sette seg ned og fann ut at det ville bli umuleg å ikkje spele i februar som vanleg. Det blei det fort semje om og dei fann raskt fram til mange andre egna stader å spele, fortel produsent Brit Westavik.

Kyrkje og idrettshall

Mellom anna har dei fått klarsignal til å ta i bruk den store og moderne Kirklandet kirke. Også storstova for idrettsarrangement, Braatt-hallen, blir no arena for eit kulturarrangement. Dyktige kunstnarar, lyd- og lysteknikkarar gjer dette muleg, seier Westavik. Ho fortel vidare at det også bystyresalen og kafear blir opera denne gong.

Festiviteten, Kristiansund
Foto: Roar Strøm / NRK

- Opp gjennom åra er det ikkje mange stader som ikkje har blitt brukt til opera, seier Westavik, og viser til både Sundbåten, ferjer, sjukeheimar og kjøpesenter. Denne gongen må dei ut i byen, men å arrangere rundt om er altså i god tradisjon. Ei stenging av Festiviteten stoppar altså ikkje Operafestvekene.

Publikum blir med

Westavik er trygg på at det store og entusiastiske operapublikummet blir med også i vekene i 2011. Programmet er i all hovudsak klart, og om nokre veker er også planlegginga av 2012-vekene godt i gang, lovar Westavik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL