NRK Meny
Normal

Opera for fulle hus i Kristiansund

No er det atter festivitas, glamor og operaglede utan ende i Kristiansund. Operafestvekene starta med fynd og klem i kveld.

Operafest i Kristiansund

Operaen 'Lucia di Lammermoor' av Gaetano Donizetti samla fulle hus under opninga av Operafestvekene i Kristiansund i kveld. Eli Kristin Hanssveen som Lucia, og David Fielder spelar Edgardo, hovudpersonar i operaen.

Foto: Haukenes/Halten / NRK

Dei kan det, kristiansundarane, å stelle i stand opera med stor o. Byen er alt full av forventingsfulle, tilreisande operaelskarar. I kveld gjekk teppe til sides for ein ny,storslått operafest

Gåsehud

Kristiansundarane har funne fram to av dei verkeleg store i operaverda. Lucia di Lammermoor av den italienske komponisten Gaetano Donizetti stod for premieren i kveld. Den er full av kjærleik, svik og galskap.

Meisterverket til Amadeus Mozart Figaros bryllup står også på plakaten har premiere i morgonkveld. Og den komiske operaen i fire akter, står i kontrast til den meir dramatiske Lucia di Lammermoor.

– Her blir det mange gåsehudøyeblikk, lova ein festkledd operasjef, Line Lønning Andresen, under premieren i kveld.

Ekstremrolle

Og kveldens premiere gjorde inntrykk på publikum. Det blei ståande applaus og jubel over prestasjonane til operakoret, dei mange glade amatørane på scenen, og ikkje minst; jubelen stod i taket over tolkinga til stjernesopranen Eli Kristin Hanssveen i rolla som Lucia.

Eli Kristin Hanssveen

Eli Kristin Hanssveen har ei av dei mest krevjande rollene i nokon opera når ho tolkar Lucia under operafestvekene i Kristiansund.

Foto: Jörg Wiesner

Hanssveen er henta inn frå Den Norske Opera i Oslo,og er det store trekkplasteret under årets operafest.

– Dette er den ultimate, ekstreme rolla, seier Eli Kristin Hanssveen til NRK.

På scena blir Lucia gal fordi ho må svikte kjærasten for å redde broren. Galskapsscena like før ho døyr, varer i heile 15 minutt, og blir rekna som ei av dei aller mest krevjande rollene i heile operaverda.

40 arrangement

I år kan publikum gle seg over 40 ulike framsyningar under operafesten. Dei spenner over eit vidt spekter; frå opera til operetter, musikalar og konsertar med kjende artistar som Kari Bremnes, deLillos, Jaa9 og Admiral P.

Heilt sidan starten i 1928 har Operaafestvekene vore til glede for operafelste frå heile landet og innfødde nordmøringar.

Operafestvekene i gang i Kristiansund

Scena i ærverdige Festiviteten er som skapt for operaframsyningar. Her er det klart for den store brullaupsfesten med f.v. Bård Bratlie, Stevica Krajinovic og Hallvar Djupvik. Sistnemnde er operasongar frå Tomrefjorden.

Foto: Haukenes/Halten

Operen i Kristiansund blir rekna som unik fordi den like sidan 1800-talet då første operaframsyningane så smått tok til, er rekna som den mest folkelege operaen i landet.

Operafestvekene i år varer fram til 14.februar.