Hopp til innhold

Open kyrkje i Spjelkavik laurdag

Mange er i sjokk etter at ein fire år gammal gut døydde som følgje av ei ulukke i Blindheim barnehage fredag føremiddag. Spjelkavik kyrkje vil ha open kyrkje mellom klokka 16.00 og 18.00 på laurdag for dei som ønskjer å samlast etter den tragiske hendinga. Det opplyser kapellan Bjarte Hove.