Nei til bensinavgift
Fleirtalsløysinga frå formannskapet blei vedtatt mellom anna etter at Arbeidarpartiet røysta mot å utgreie bensinavgift. Det var fleirtal i bystyret for å utgreie bensinavgift, men Arbeidartiet røysta i mot på grunn av måten forslaget blei fremma på.
Mange som bur på Lerstad møtte opp i bystyresalen for å markere sin motstand mot denne løysinga.
Med hjartet i halsen
- Dette er heilt forferdeleg, seier Merethe Kløvning.
- Eg har tre unge som går på Lerstad skule. Dei skal krysse vegen fram og tilbake for å kome på skule og fritidsaktivitetar. Det er med hjartet i halsen slik som det er i dag, og korleis vil det bli når vegen blir bygd ut til det dobbelte av det som er i dag, spør Kløvning.
Det var Tverrpolitisk Liste, Høgre og Framstegspartiet som sto bak det forslaget som til slutt fekk fleirtal.
Krangel om framgangsmåte
Asbjørn Rutgerson(TvP)
Likevel var ikkje Asbjørn Rutgerson fra TvP fornøgd. Han ville ha ei regional løysing basert på bensinavgift. Dersom ei slik løysing var akseptabel for kommunane kring Ålesund, ville dette løfte fram andre vegprosjekt, meiner Rutgerson.
Men forslaget frå Rutgerson i går blei fremma som ein del av ein replikk og midt i debatten før mange hadde kome til ordet. Dette var grunnen til at Arbeidarpartiet ikkje kunne røyste for.
Nei til bompengar
Rutgerson avviser derimot kontant forslaget om bompengar for å byggje den nye vegen gjennom Lerstad i tunnel.
- Vi går ikkje inn for ei løysing som deler byen i to, seier Asbjørn Rutgerson.
Støyproblematikk
Odd Ivar Seth (FTSM)
Odd Ivar Seth som representerer Felleslista for trafikk-, miljø og sikkerhet, håper at fylket si miljøavdeling vil gripe inn og stanse planane.
- Dersom dette ikkje skjer, vil det få alvorlege konsekvensar for bydelen Lerstad-Breivika, seier Seth.
Han meiner at ein fire felts veg vil skape støyproblem som vil øydeleggje bydelen.