NRK Meny
Normal

Ønskjer vidare væpning

Lokallagsleiaren for politiet i Nordmøre og Romsdal meiner at politiet er godt nok rusta til å bere våpen. – Vi meiner at det er tryggare, seier Arne Hunnes.

Bevæpnet politi

MELLOMBELS VÆPNING: Alle norske politifolk har fått mellombels løyve til å bere skytevåpen.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Tysdag kveld kunne VG melde at det hadde blitt fyrt av eit vådeskot inne på politistasjonen i Kristiansund i april 2015. Saka er under etterforsking, og politimeister Arnstein Nilssen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt vil ikkje kommentere saka til avisa.

I førre veke vart det fyrt av eit vådeskot inne på politistasjonen i Stavanger etter eit basketak. I etterkant har det blitt retta spørsmål om politiets våpentrening er god nok med tanke på at dei no ber ladde våpen til dagleg.

Lokallagsleiar for politiet i Nordmøre og Romsdal, Arne Hunnes, vil ikkje kommentere dei konkrete hendingane, men meiner at politiet har den nødvendige kompetansen til å bere våpen.

– Eg føler absolutt at vi har den erfaringa vi treng for å vere væpna, seier Arne Hunnes, lokallagsleiar for politiet i Nordmøre og Romsdal, til NRK.no.

Meiner væpning er tryggare

.

Politibetjent Arne Hunnes

Arne Hunnes meiner at væpning gjer det tryggare for både politiet og publikum.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Under basketaket i Stavanger i førre veke klarte inntrengaren å få ein finger ned i hylsteret til politibetjenten. Han klarte å fyre av eit skot medan våpenet framleis er i hylsteret.

Ifølge Politiforum er det enkelt å få ein finger ned i våpenhylsteret og fyre av våpenet dersom den breiaste lykta er montert. Det er noko vanskelegare med den smale.

Politiets Fellesforbund har heile tida kjempa for at politiet skal få gå med våpen, og det har ikkje endra seg etter dei to episodane.

– Politiets Fellesforbund har ei haldning om at vi ønskjer generell væpning. Vi meiner at det er tryggare både for oss tenestemenn, men også for publikum, seier Arne Hunnes.

Hunnes meiner at hendingane ved Universitetet i Oslo natt til tysdag illustrerer kvifor det er viktig at politiet er væpna, men at det likevel er nødvendig å undersøke dei to andre sakene for å finne ut om noko kunne vore gjort annleis.

– Det er viktig å finne årsaka til desse hendingane. Det er mogleg ein må sjå nærare på rutinane knytt til å vere væpna, held han fram.

Endrar ikkje rutinane

Åtte månader etter at den mellombels væpninga vart innført, bekrefta Politidirektoratet for første gang måndag at polititenestemennenes våpen er ladd.

Tysdag vart det klart at politiet vil halde fram med ordninga med å bere tenestevåpen ladd i hylsteret. Politidirektoratet meiner det er knytt for stor risiko til å endre rutinar.

– Vi håpar å kome tilbake til ein normalsituasjon der væpning ikkje lenger er nødvendig. I den mellombelse situasjonen vi står i, har vi så langt funne det fornuftig å halde fast ved denne praksisen, seier seksjonssjef Steffen Ousdal ved avdeling for politiberedskap og krisehandtering i Politidirektoratet (POD) til VG.