Ønskjer utsett krav

Senterparti-ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda er spent på om Stortinget forlengar fristen for krav om nullutsleppsfrie båtar i verdsarvfjordane. Fristen er 2026, men Frp har foreslått i Stortinget å forlenge den til 2030, og forslaget er no til behandling i nærings-komiteen. Tryggestad meiner fristen bør bli forlenga, fordi cruisenæringa treng meir tid på ei nødvendig omstilling.

MSC Lirica cruiseskip
Foto: Atle Markeng / NRK