Hopp til innhold

Ønskjer storkommune på Nordre Sunnmøre

Giske-ordførar Knut Støbakk har tru på ei avklaring om ein ny storkommune på Sunnmøre før påske. Om to veker møtest kommunen for å drøfte ein storfusjon.

storkommune nordre sunnmøre

Knut Støbakk

Knut Støbakk er ordførar i Giske.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg håper ein kommune som kan fenme heile Nordre Sunnmøre, slik at vi totalt kjem opp i eit folketal på mellom 90 og 100 000, det hadde vore det ideelle, seier ordførar i Giske, Knut Støbakk.

Han har tru på at ein stor kommune vil ha stor slagkraft, og meiner det ikkje vil vere nok å slå saman kommunane Ålesund, Sula og Giske.

– Det vil i så fall gi eit folketal på 60 000, men vi vil framleis ha for lite areal. Vi treng å ha med kommunar som har store areal for å kunne ha rom for å utvikle næringslivet i framtida.

– Kor realistisk er det å få så mange kommunar med på dette?

– Eg håper vi kan greie å overtyde kommunane om at dette er gjennomførbart, men det vil innebere at alle partar må vere rause med kvarandre, seier Støbakk.

Trur det må satsast stort

Støbakk meiner kommunane må tenke stort. Han meiner likevel alle moglegheiter må vurderast. Dersom kommunane i indre ikkje ønskjer å vere med, trur han at kommunane på ytre kan stå sterkt i lag. Men han håper framleis å få alle med.

– Problemet for Norddal/Stordal er at dei framleis vil vere ein liten kommune, med 5–6000 innbyggjarar. Og å stå i mot ein storkommune på ytre vil kanskje ikkje gjere klimaet så veldig bra.

Vil ha avklaring før påske

26. januar skal kommunane på Nordre Sunnmøre pluss Sandøy og Vestnes møtest i Brattvåg for å drøfte interessa for ein storkommune.

– Eg meiner dette bør vere avklart før påske, så vi veit kva vi har å gå vidare med, seier Støbakk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL