I 2004 må alle kommunane ta stilling til saka, og Måseide håpar debatten blir konstruktiv.
Møreforsking har fått i oppdrag å legge fram ein rapport som peikar på både positive og negative sider ved kommunesamanslåingar på Søre Sunnmøre.
Og det finnst ulike alternnativ for samanaslåing av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Ein storkommune med Hareid, Ulstein, Herøy og Sande er eitt alternativ. Samanslåing av Ørsta og Volda blir også vurdert.
Når Møreforsking i løpet av eit par månader kjem med sin rapport skal politikarane ta stilling til saka. Men i siste instans er det innbyggjarane gjennom ei folkerøysting som får seie sitt.