NRK Meny

Ønskjer fleire produkt frå sau

Sauebønder i Møre og Romsdal meiner Nortura må utvikle nye og fleire produkt av sauekjøt for å sikre auka sal. Sauebøndene får rekordlåg betaling for sauekjøt, og det løner seg knapt å levere til slakt. På styre- og representantskapsmøte i Norsk Sau og geit denne veka har fylkesleiar Hilmar Kleppe foreslått produktutvikling av sauekjøt slik ein har lukkast med på lammekjøt.

Sauer på beite
Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX