NRK Meny
Normal

Ønskjer fleire lokale kunstnarar

Vestlandsutstillingen har kome til Møre og Romsdal. Kurator Lars Sture og koordinator Mei Szetu skulle gjerne sett fleire verk frå fylket.

Mei Szetu, Lars Sture

20 prosent av verka på Vestlandsutstillingen har aldri blitt vist fram før. Det er Mei Szetu og Lars Sture knakande fornøgd med. – Det gir ei oppdatert utstilling, seier dei.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

No er den årlege vandreutstillinga komen til Ålesund og kunstmuseet KUBE.

– Ho går som ein farande fant i langs kysten, seier kurator Lars Sture om utstillinga som har som føremål å vise fram og formidle samtidskunsten på Vestlandet.

Lokal tilknyting
Lars Sture

Kunstnarisk leiar er Lars Sture frå Måløy. Tidlegare har han kurert utstillingar for mellom anna Utanriksdepartementet og Galleri F15.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Vestlandsutstillingen, som vart opna første gong i 1922, har etablert seg som ein viktig arena der både ukjende talent og etablerte kunstnarane kan stille ut verka sine side om side. Einaste kriteriet for å kunne søkje om deltaking, er at ein har ei tilknyting til vestlandsfylka.

Men av årets 22 kunstnarar, er det berre éin som kjem frå Møre og Romsdal. Og ho bur i Danmark.

– Vi skulle gjerne sett at vi fekk med fleire kunstnarar frå Møre og Romsdal. Det er noko vi håper å samarbeide meir med KUBE om framover, seier koordinator Mei Szetu.

Utflytta kunstnarar

Kurator Lars Sture trur dei låge søkjartala frå fylket kan ha ein samanheng med at her ikkje er ein kunsthøgskule som i Bergen.

– Dei som tek ei kunstutdanning, slår seg gjerne ned i nærleiken dei første 5–6 åra. Og mange av dei som søkjer på denne utstillinga er som oftast ganske unge kunstnarar. Sånn sett er det naturleg at det er såpass få som faktisk bur i Møre og Romsdal, og dels Sogn og Fjordane, som søkjer seg til Vestlandsutstillingen.

Postadresse Vestlandet

Men både Szetu og Sture er skjønt einige om at det også er nok å ta av blant dei med fast postadresse langs nordvestkysten.

– Vi veit at det er fleire som held til i Møre og Romsdal, som ikkje melder interesse. Det er uendeleg mykje god kunst herifrå som vi gjerne vil ha med vidare, seier dei.

Ikkje at dei stenger døra heilt for dei som har slått seg ned andre stader.

Kristina Kvalvik

Kristina Kvalvik frå Skodje er den einaste kunstnaren med lokalt tilhøyrsle i Vestlandsutstillingen 2014.

Foto: Privat

– Det er også viktig at kunstnarane som kjem frå desse fylka, men ikkje er busett her, likevel får kontakta tilbake til heimfylka gjennom ei utstilling som dette, seier Sture.

Kristina Kvalvik med "Location"

Fylkesalibiet for 2014 er Kristina Kvalvik frå Skodje. Dei siste åra har ho budd fast i Danmark, men var likevel med på opninga i Ålesund laurdag 5. april.

– Det er faktisk første gong eg stiller ut i Ålesund, så det var veldig kjekt, seier Kvalvik til NRK.

Sidan 2003 har ho budd i utlandet - først i Malmö og sidan i København. Ho trur mange gløymer av heimstaden når dei vil ut i verda med kunsten sin.

– Eg har for det meste stilt ut i Oslo eller andre skandinaviske byar. Men no var det fint å kunne kome heim att og stille ut her. Det har gitt meg heimlengsel, seier ho.

Location.

Kvalvik stiller ut med videoen 'Location' som utforskar eit fråflytta hus i skogen som ei kulisse.

Foto: Kristinakvalvik.com

Vestlandsutstillingen i Ålesund er open til 27. april.