NRK Meny

Ønskjer Fjærli på andreplass

Molde Høyre ønskjer Trude Fjærli Giskås frå Giske som andrekandidat på stortingslista bak Helge Orten. Høgre har to plassar på Stortinget sin Mørebenk, og Elisabeth Nørve har sagt nei till attval. Dermed er andreplassen ledig. Tidlegare har Ålesund Høgre foreslått Marianne Synnes som andrekandidat. På tredjeplass foreslår Molde Høgre Dag Olav Tennfjord som er ordførar i Skodje.