Hopp til innhold

Ønskjer å vekke skrivegleda hos unge lesarar

I Kristiansund var det tysdag hysteriske tilstandar då to heimvende skribentar møtte elevar ved Atlanten ungdomsskole på bokbad.

Det er ikkje kvar dag forfattarar blir tatt imot som popstjerner.
Men i Kristiansund var det i dag hysteriske tilstandar då to heimvendte skribentar møtte elevar ved Atlanten ungdomsskole på bokbad

Sjå tv saka: Arild Stavrum og fantasyforfattar Tone Almhjell møtte i dag lesarane sine på Atlanten ungdomsskole. Dei ønskjer å inspirere dei unge lesarane, og vekke lese- og skrivegleda blant ungdomane.

Bokbad med ein fotballbokforfattar, er naturleg nok ikkje som andre bokbad. Arild Stavrum og fantasyforfattar Tone Almhjell møtte i dag lesarane sine på Atlanten ungdomsskole. Og spørsmåla var mange blant elevane.

– Eg er ikkje så glad i å skrive, korleis kan eg bli det?

– Eg trur det viktigaste er å skrive dei sjangrane som du likar, ikkje dei som andre seier at du må skrive, seier Almhjell.

Vil inspirere ungdomane

Helene Rosbach Kvalvåg og Hanna Dyrnes

Helene Rosbach Kvalvåg og Hanna Dyrnes fekk møte favorittforfattaren Tone Almhjell.

Foto: Roar Halten / NRK
Tone Almhjell

Tone Almhjell ønskjer å inspirere ungdomane til å skrive og lese tekstar.

Foto: Roar Halten / NRK
Arild Stavrum

Arild Stavrum synest det var kjekt å møte ungdomane ved Atlanten skule i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Det er ikkje kvardagskost for boklesande ungdom og helse på favorittforfattaren. Helene Rosbach Kvalvåg og Hanna Dyrnes fekk sjansen til å slå av ein prat med forfattaren av ein av deira favorittbøker, nemleg fantasyforfattar Tone Almhjell.

– Det er ei veldig bra bok og historie, så det er klart den gir meg inspirasjon når ein skal skrive eigne tekstar på skulen, seier Rosbach Kvalvåg.

– Det er ganske koseleg å kunne snakke med henne om denne boka, spesielt sidan det er ei av dei beste bøkene eg har lest, seier Dyrnes.

Forfattaren sjølv ønskjer å vekke skrivargleda blant elevane.

Eg vil også inspirere dei til å bruke historieskatten. Det at vi held fram med å fortelje kvarandre historier er noko av det viktigaste vi har. I tillegg har alle godt av å få øving i å gå i andre sine sko, seier Almhjell.

Ho får støtte av Arild Stavrum.

– For det første er dette ein sjanse til å snakke om bøker, men i tillegg møter vi mange folk som er interesserte og som stiller spørsmål, og det er veldig kjekt, seier han.