NRK Meny

Ønsker tips etter dekktjuveri

Tjuvar har i løpet av natt til tysdag brote seg inn og stole mellom femti og hundre lastebildekk frå eit firma på Nås i Eide kommune. Politiet har sikra spor på staden og vil gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar på staden. Politiet ønskjer også tips frå personar som kan ha sett noko mistenkeleg i løpet av natta.