Hopp til innhold

Ønsker Riise velkommen

Onsdag kom sjokknyheita dei færraste hadde venta, Bjørn Helge Riise har signert for AaFK ut 2018. I Ålesund var folk klare for å ønskje familien Riise velkommen.

Bjørn Mikkelsen

Leder i supporterklubben til AaFK, Bjørn Mikkelsen, seier at dei tek imot familien Riise med opne armar.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Riise-familien har i årevis krangla med AaFK-leiinga, og det var ikkje berre fotball-Norge som vart overraska over overgangen. På gata i Ålesund vart nyheita om Bjørn Helge Riise tatt godt i mot.

Gunnar Djupvik

Gunnar Djupvik ønsker Riise velkommen til Ålesund.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

– Det vart sjølvsagt veldig overraska då eg høyrde det, men eg trur det blir veldig bra for AaFK å få han på laget, seier Jan Einar Klungreseth.

– Han er velkommen tilbake til Ålesund. Eg syntest at han er ein veldig god spelar, og det blir spennande å sjå kva han kan få til, seier Gunnar Djupvik.

Trudde det var ein spøk

Riise har spelt for Lillestrøm dei siste åra, men backens kontrakt med Åråsen-klubben går ut etter denne sesongen. Fotballspelaren var berre tenåring då han reise frå Ålesund, og er fornøgd med å vere tilbake.

Bjørn Helge Riise viser fram drakta på Color Line

Bjørn Helge blei i onsdag presentert som ny AaFK-spelar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg har veldig lyst å vere med framover og bidra med min spelarmåte. Planen for laget framover er spennande. Dette er heimbyen min, og det er her eg høyrer heime. Så no håpar eg at vi kan sjå framover seier Riise.

I supporterklubben Stormen sine lokale i Ålesund står Bjørn Mikkelsen. Han vart glad, og ikkje minst overraska då han i går fekk nyheita om at Riise returnerer til heimbyen.

– Eg trudde først det var ein spøk. Han er nok den siste vi trudde ville kome tilbake til AaFK, seier Mikkelsen.

– Bjørn Helge har kvalitetar som er heilt ekstreme på enkelte område. Laget treng nokon med erfaring og eg trur han kan ta tak i ting på bana og dirigere spelet, held han fram.

Tek avstand

Mikkelsen fortel at supporterklubben aldri har hatt problem med familien Riise og tek dei imot med opne armar.

Bjørn Helge og Berit Riise på Color Line

Bjørn Helge og Berit Riise på Color Line Stadion.

Foto: Remi Sagen / NRK

Under ein kamp i 2009 vart det ropt skjellsord mot Riise frå tribunen. Mikkelsen vektlegger at supporterklubben tek sterk avstand frå slike handlingar.

– Då vart det ropt ting som aldri skal ropast på ein fotballkamp eller utanfor. Om dei var medlem av Stormen eller ikkje, det er vanskeleg å seie, men dei stod saman med oss, seier Mikkelsen.

– Vi aksepterer ikkje slike ting og tok tak i dei personane som stod bak. Det har ikkje skjedd sidan og skjer forhåpentlegvis aldri igjen, held han fram.

Håper på tangofotball

AaFK har lenge slite med halvtomme tribunar. No håpar Mikkelsen at nysigneringa kan føre til feststemning på Color Line Stadion.

– Ikkje minst om vi kan få litt tangofotball, meir aggressivitet og underhaldande fotball så trur eg det blir meir publikum på tribunane.

Og kven veit, kanskje blir storebror Jon Arne Riise blir freista til å avslutte karrieren i AaFK.

– Eg ser ikkje heilt for meg at det vil skje, men eg trudde aldri at Bjørn Helge ville kome, så alt kan skje, seier Mikkelsen.

– Det spørst om han er god nok. Vi kjem til å klatre på tabellen, så han må berre presterer, seier han lattermild.

AaFK-trener Trond Fredriksen om Riise
Henrik Hoff om Bjørn Helge Riise
Bjørn Helge Riise om sin nye jobb i Ålesund