Ønsker bru istadenfor tunnel

Prosjektet Trollheimstunnelen på Nordmøre skaper splid på Nordmøre. Både i Surnadal og i Sunndal har kommunestyra sagt klart i frå at dei vil ha tunnel. Men så overraskar Statens Vegvesen ved å utgreie eit omstridd alternativ med bru - etter påtrykk frå lokale krefter.

Video Vil ha bru istadenfor Trollheimstunnelen

Forkjemparar for bru går imot plan om tunnel gjennom Trollheimen

Ola Hals og hans medspelarar er ikkje glade i lange tunnelar. Dei har starta omkamp om den planlagde 9,2 kilometer lange Trollheimstunnelen mellom Todalen og Ålvundeid.

Den fornya debatten har no fått Statens vegvesen til å starte ei utgreiing om alternativet med bru over Todalsfjorden.

Svein Solbjørg

Sjefingeniør i Statens vegvesen, Svein Solbjørg vil vurdere brualternativet på nytt.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Det har vore mange som har engasjert seg i prosjektet, det har skapt mykje debatt, og no vil vi ta fram igjen brualternativet og sjå det i høve til dagens krav, seier sjefingeniør Svein Solbjørg i Statens vegvesen.

Reaksjonane har vore sterke mot forsøka på omkamp om Trollheimstunnelen. Ordførar Mons Otnes i Surnadal er mellom dei som fryktar at dette vil forpurre og forseinke planene om start for tunnellbygging.

Vil ha folkeopprør

Mons Otnes

Ordførar Mons Otnes er redd for at tunnelplanane kan bli forseinka

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Kommunestyret i Surnadal står samla bak planane om Trollheimstunnelen. Eg er redd for at tida går frå oss med eventuell omprioritering slik at vi hamnar lenger bak i køen, seier Otnes.

Trollheimstunnelen er eit viktig samferdselsprosjekt for Nordmøre. Tunnelen kan korte inn reisetida og fjerne ferja mellom Kvanne og Rykkjem.

Trappar opp arbeidet med bru og veg

Ukjent for fylket

Olav Bratland

Fylkesordførar Olav Bratland er overraska over at det er sett igang ny vurdering.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Prosjektet er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt ansvar og fylkesordførar Olav Bratland er overraska over at Statens vegvesen no har starta utgreiing av Todalsfjordbru.

Gler seg over budsjettlekkasje

- Dette er heilt ukjent for meg og fylkekommunen har ikkje bedd om dette. Trollheimstunnelen står i prioritet etter Nordøyvegen, og vi har berekna at bygginga av tunnelen skulle kome i gang i 2018-2019.

Kvanne ferjekai

Ferjekaia på Kvanne kan bli erstatta av bru...

Foto: Omar Sejnæs / NRK