Ønsker betre samordning mellom helseføretaka

Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) meiner grensene mellom helseføretaka er øydeleggjande for sjukehuset i Volda.

Fakkeltog for sjukehuset i Volda 251115

Opp mot 10 000 menneske møtte opp i fakkeltoget i Volda tysdag kveld.

Foto: Remi Sagen / NRK

I går kveld møtte opp mot 10 000 menneske opp for å demonstrere mot nedlegging av akuttfunksjonen ved sjukehuset i Volda.

Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) meiner løysinga for Volda er å endre på grensene mellom helseføretaka.

– Slik som situasjonen er i dag så deler føretaksgrensa regionen vår i to. Volda sjukehus har eit pasientgrunnlag på rundt 70.000. I tillegg har vi til ei viss grad ei arbeidsfordeling med sjukehuset på Nordfjordeid, og det bør vi utvikle vidare, seier han.

– Det at vi er i to foretak fører til uhyre lite samordning mellom dei to, og det verkar som det er absolutte grenser mellom føretaka, held ordføraren frå.

Sterke reaksjonar

Det vekte sterke reaksjonar då helseminister Bent Høie (H) la fram den aller første nasjonale planen for helse og sjukehus førre veke.

Han er klar på at ingen sjukehus skal leggast ned, men seier at dei mindre sjukehusa tvert imot er ein del av løysinga på utfordringa ein står ovanfor med fleire eldre innbyggjarar, som dermed har behov for meir helsehjelp.

Jørgen Amdam ordførar i Volda

Volda-ordførar Jørgen Amdam meiner grensene mellom helseføretaka er øydeleggjande for sjukehuset i Volda.

Foto: Remi Sagen / NRK

For sjukehuset i Volda ser helseministeren for seg to moglege scenario. Det eine er at Volda kan bli akuttsjukehus, men utan døgnvakt med generell kirurgi. Sjukehuset beheld akutt indremedisin, anestesi og planlagt kirurgi.

Det andre scenariet er at sjukehuset i Volda mister alle akuttfunksjonar og at desse går til sjukehuset i Ålesund. Dette har sett sinna i kok i Volda, og tysdag deltok opp mot 10.000 i eit fakkeltog for sjukehuset. Amdam var imponert over oppmøtet.

– Det er nesten utruleg å sjå kor mange som møtte opp. Det er ikkje mange dagar sidan initiativet til dette fakkeltoget kom, og folk har gått mann av huse, seier ordføraren.

– Og det var ikkje berre folk frå Volda som deltok på markeringa, men mange frå dei nærliggande områda tok også turen, held han fram.

Siste video/lyd

Norges jeger- og fiskerforbund ber kommunane ta ansvar - når Statskog sel seg ut av Møre og Romsdal. Forbundet vil at kommunane skal kjøpe eigedomane for å sikre at folk flest framleis kan jakte.
Alle naudetatane har vore på skulebenken i Molde. Samarbeid er fokus, og i dag var tid for å teste det dei hadde lært.
Snøen kom overraskande på mange denne veka. I Ålesund har kommunen avslutta brøyteberedskapen for sesongen. Det har mellom anna ført til ekstra ventetid for å rydde småvegane. Andre igjen - skor seg på dette.