Hopp til innhold

Omtalar gjengløymt nål i ryggen som uvanleg

Norsk Pasienterstatning karakteriserer saka med mannen som har gått rundt med ei nål i ryggen i fire år, som spesiell. Men legar som gløymer igjen utstyr etter operasjonar skjer stadig.

Helse Møre og Romsdal administrasjonsbygg styre

Statens helsetilsyn granskar no saka for å finne ut om Helse Møre og Romsdal braut lova i samband med operasjonen der ei nål truleg blei gløymt igjen i ryggen på ein pasient.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Tal frå Norsk Pasientskadeerstatning viser at det kvart einaste år er pasientar som opplever at legane gløymer å ta ut alle bandasjar og operasjonsutstyr etter operasjonar.

NRK Møre og Romsdal skreiv torsdag om ein pasient som har gått rundt med delane av ei nål i ryggen i fire år. Alt tyder på at nåla stammar frå ein ryggoperasjon i 2013.

Torill Svoldal Stæhr

Kommunikasjonsrådgjevar Torill Svoldal Stæhr hos Norsk Pasientskadeerstatning seier sjukehusa har rutinar for å telje utstyr før og etter operasjonar, men ikkje alltid følgjer rutinane.

Foto: Norsk pasientskadeerstatning/NPE

Kommunikasjonsrådgjevar Torill Svoldal Stæhr hos Norsk Pasientskadeerstatning seier saka er heilt spesiell.

Vi behandlar om lag 5 000 pasientskadesaker kvart år, og ser heldigvis svært sjeldan at dette skjer, seier ho.

Kva er årsaka til at slike feil skjer?

– Det kan til dømes skje dersom ein ikkje følgjer rutinane. Sjukehusa har rutinar for å telje utstyr, slik at alt som blir brukt under inngrepet skal stemme med det talet ein har etter operasjonen, seier ho.

Les også:

Flest bandasjar

Nye tal frå Norsk Pasientskadeerstatning viser at legar og sjukepleiarar gløymer igjen både bandasjar, gummihanskar og metallutstyr inne i kroppen til pasientane sine, etter operasjon.

Statistikken viser også at det er flest bandasjar som blir gløymt igjen, men også andre ting:

  • Kompress/tampong: 45
  • Metallgjenstand: 26
  • Gummi (strikk/hanskebit): 5
  • Dren/drensbit: 4
  • Stent: 3
  • Anna: 7
  • Totalt: 90

Kan ha fatale følgjer

Konsekvensane av gjengløymt operasjonsutstyr kan vere fatale. Ifølgje NPE har dei registrert to dødsfall i perioden 2006 til 2015 som resultat av utstyr som blei gløymt igjen.

Stæhr seier dei sakene dei har behandla dei siste åra viser ulike konsekvensar.

– Gjengløymt utstyr kan gje alt frå lettare plager som infeksjonar og smerter, til alvorlege skadar på vev eller nedsette funksjonar i kroppen. Vi har også sett to tilfelle der pasientane, som i utgangspunktet var veldig dårlege, døydde, seier ho.

Ventar på vedtak

NPE har behandla 136 slike saker dei siste ti åra, og dei aller fleste får medhald.

Saka til mannen som har gått rundt med ei nål i ryggen i fleire år, blir no behandla av Norsk Pasientskadeerstatning. Stæhr seier dei har fått uttale frå ein sakkunnig, og at det er vanskeleg å seie når saka er ferdig behandla.

– Vi har fått uttale frå ein sakkunnig i saka. Den blir no sendt til sjukehuset og pasienten sin advokat, slik at dei kan gje sine kommentarar til oss, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL