NRK Meny
Normal

Omstridd statssekretær: "- I e' fræning og jurist og ganske tjukkhuda"

Statssekretær Jøran Kallmyr (37) frå Fræna medgir at han har tøffe dagar som ein av frontfigurane som no ber flyktningar om å snu – helst på grensa. Men han seier ingen tør true ein storvaksen fræning.

Jøran Kallmyr i Justisdepartementet

Statssekretær Jøran Kallmyr (37) frå Fræna seier det no er viktig å stoppe flyktningstraumen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

37-åringen frå Fræna er kraftig og velvaksen, og seier han så langt ikkje har mottatt truslar fordi han ber flyktningane om å snu.

Nei, eg er ein ganske svær kar, og så kjem eg frå Fræna, så ingen tør å true meg, seier Kallmyr og ler.

Ber flyktningane om å reise tilbake

Protesterer mot mottak

Flyktningar i Sarpsborg klaga over dårlege forhold, men fekk svar på tiltale frå statssekretær Jøran Kallmyr.

Foto: Tomas Berger / NRK

I desse dagar frontar statssekretæren regjeringa sin politikk, og har stilt opp i fleire debattar og tv-intervju. Der har han bedt mange av flyktningane om å snu umiddelbart, og fått kritikk for å vere kald og hard.

Han fekk også stor merksemd då han møtte kritikk frå flyktningane med eit svar om at dei står fritt til å reise tilbake.

– Eg er fræning og jurist og ganske tjukkhuda. Vi må forholde oss til dei lovene og reglane vi har i Noreg, seier han, og legg til:

Det er viktig å stoppe den store asylstraumen inn til Noreg. Dette handlar om å vareta det velferdssamfunnet vi har skapt gjennom generasjonar, seier Kallmyr.

Fryktar liv kan gå tapt

Tidlegare denne veka var han i Kirkenes, der han var med å opne eit nytt ankomstsenter for flyktningar, i ein tidlegare militærleir. Kallmyr karakteriserer senteret som ein brakkeby, og seier det er heilt enkle forhold der.

Vi er nøydde til å ty til slike løysingar, rett og slett for å handtere situasjonen, seier han, og legg til at han er uroleg for at vinterkulden kan kome til å ta liv.

– Dette at det blir kaldare er jo ein stor del av uroa vår. Vi må sikre at liv ikkje går tapt, deretter ordne rask retur. Flyktningane her kjem frå eit trygt land, og dei skal tilbake, slår han fast.

Les også:

Seier han får energi av utfordringa

Ankomstsenter Finnmark

Over 1100 flyktningar kom til Finnmark forrige veke for å be om opphald i Noreg.

Foto: Amund Trellevik/NRK

På heimebane bur Kallmyr med kone og to barn ikkje langt unna arbeidsplassen i justis- og beredskapsdepartementet. Privat er han ihuga MFK-patriot og hektisk småbarnsfar, som prøvar å få bukt med kvardagsklemma. FrP-politikaren vedgår at flyktningstraumen gjer inntrykk på han som menneske.

– Sjølvsagt syns eg synd på menneske som har det vondt og vanskeleg, men vi må berre forholde oss til dei lovene Stortinget har fatta. Og når ein kjenner at ein gjer ein jobb som er veldig viktig for Noreg, så får ein ganske mykje energi til å halde fram, seier han.

Jøran Kallmyr frå Fræna frontar regjeringa si handtering av flyktningestraumen.
Statssekretæren legg ikkje skjul på at arbeidsdagen er krevande...