NRK Meny
Normal

Omstridd italiensk marmor-orm endeleg på plass i Eide

Det såg lenge stygt ut for den italienske marmor-ormen, som kunstnaren Jan Freuchen ville plassere langs ei av turistperlene i Møre og Romsdal. Men no er ormen i ferd med å kome på plass.

Marmorskulptur Atlanterhavsveien

Arbeidet med å leggje på plass den 90 meter lange marmorormen ved Atlanterhavsvegen er i gang. Protestane har stilna.

Foto: Gunnar Sandvik

Det mangla ikkje på protestar då ideen til ein diger orm laga av italiensk marmor blei kjent. For i ein kommune der steinindustrien har ein over 100 år lang tradisjon, og det finst både kalk og marmor, blei det vanskeleg å sjå for seg at berre italienske varer skulle vere godt nok.

Men måndag starta arbeidet, og i løpet av få dagar ligg den 90 meter lange og 35 tonn tunge ormen klar.

Kunstnaren Jan Freuchen

Kunstnaren Jan Freuchen seier han til slutt måtte velje mellom å forkaste prosjektet sitt, eller å bruke italiensk marmor.

Foto: Gunnar Sandvik

– Eg hadde jo i det lengste håpt å kunne bruke lokal stein, men til slutt kom eg til valet om å enten forkaste prosjektet, eller å bruke anna stein, seier kunstnaren Jan Freuchen.

Les også:

Fagfolk frå Eide på plass

Men så er han veldig glad for å ha fagfolk nettopp frå steinindustrien i Eide til å leggje på plass kunstverket ved Atlanterhavsveien denne veka.

– No står jo gutane frå Eide Stein her og jobbar med installeringa, så dei er jo i høgste grad involvert, seier han. Også ordførar Ove Silseth (H) har slått seg til ro med at kunstnaren ikkje kunne bruke lokal stein.

Ordførar Ove Silseth ved marmorormen

Ordførar Ove Silseth (H) i Eide har slått seg til ro med at den enorme marmorormen ved Atlanterhavsvegen er laga av italiensk marmor.

Foto: Gunnar Sandvik

– Eg bad jo om at vi måtte vurdere marmor frå Eide, og det er kvittert ut. Kunstverket kravde kompakt marmor, og det har vi ikkje her, seier han.

Vil freiste folk ut til havgapet

Skulpturen har fått namnet «Columna Transantlantica», den transatlantiske søyle, og blei plukka ut av ein jury etter konkurranse blant fleire kunstnarar. Vinnaren vil ikkje seie for mykje om kva han har tenkt.

– Dette er ein skulptur som buktar seg med terrenget, gøymer seg i nisjar og små skår, og slangar seg heilt ut mot det opne havet. Skulpturen møter du først ved vegen, meininga er at du skal bli freista til å spasere lenger og lenger ut, seier kunstnaren Jan Freuchen.

Han vil ikkje gje noko klart svar på kva han har forsøkt å skape, men vedgår at marmordelane liknar på greske søyler, kanskje også ein ryggrad, eller ein undersjøisk gassleidning.

– Det er mange måtar å lese dette på, og slik ønskjer eg det, seier han.

– Valde Vevang fordi det var så vakkert

Kunstkurator i Nasjonale turistvegar, Svein Rønning, seier han syns kunstverket passar inn nettopp ved Atlanterhavsveien.

– Vi valde Vevang fordi dette er ein svært vakker stad, ein liten avstikkar frå vegen, kjenslene sa oss at dette var ein fin stad, seier han.