Hopp til innhold

Omreisande lommeboktjuvar

Politiet har i dag fått meldingar om lommeboktjuveri fleire stadar i fylket. Det første tilfellet blei meldt i Kristiansund klokka 10.00, så i Molde klokka 12.30 og til slutt i Ålesund klokka 16.30. Politiet meiner difor at det er grunn til å tru at det er snakk om same gjerningsmenn. Tjuveria skal ha skjedd inne på butikkar. – Framgangsmåten til dei to tjuvane er å avleie merksemda til eldre personar, og deretter stele lommeboka deira, seier politiet som ønskjer tips frå publikum. Dei to gjerningsmennene skal ha snakka gebrokkent norsk. Politiet har også informert nærliggande politidistrikt om dei omreisande tjuvane.