Hopp til innhold

Området framleis sperra

Fjelltun i Ålesund er framleis sperra av, etter at ei bustadblokk kollapsa natt til i går.

Politisperring Borgundveien
Foto: Terje Reite / NRK

I morgontimane er også den gamle innfartsåra til Ålesund, Borgundveien, sperra.

Kjøler ned

Mannskap har i heile natt prøvt å kjøle ned gassbrannen etter at eit terassehus i Fjelltunveien i Ålesund kollapsa etter eit ras for vel eit døgn sidan.

Brannmannskapet opplyser om at er viktig å halde brannen i gang. Slokkar flammane mistar ein kontrollen over gasstanken.

Mindre eksplosjonsfare

Politiet og brannvesenet vurderer eksplosjonsfaren som mindre enn i går formiddag. Propangassen som har representert ein eksplosjonsfare har brunne kontinuerleg. Det er imidlertid framleis uklart kor raskt all gassen brenn ut.

Framleis evakuerte

Boligblokk Ålesund

Torsdag morgon kan vi framleis sjå open flamme i Fjelltunveien 31.

Foto: Terje Reite / NRK

Området er framleis sperra av, og fleire hundre personar er framleis evakuerte. I morgontimane opplyser politiet at det ikkje er teke stilling til når dei evakuerte kan reise heim. - Vi skal gjere så gode vurderingar som mogleg, og dei evakuerte må ta høgde for at dei må vere borte frå heimane sine ei stund til, seier innsatsleiar Svein Harsjøen til NRK.

300 telefonar

Det har vore ein skikkeleg jobb å finne overnating til dei som er evakuert. Hundrevis av senger måtte skaffast. Mange har fått plass på hotella i byen, og hjelpemannskapet har fått 300 telefonar frå folk i fylket som har tilbydd sengeplass til dei evakuerte.

Fem personar er framleis sakna.Det er framleis ras- og eksplosjonsfare på staden. Artikkelen blir oppdatert.