Hopp til innhold

– Får eit kaldt gufs nedover ryggen

Ingrid Cecilie Ulla er ikkje sikker på kva som har gjort at omnen hennar ikkje har virka dei siste fem vekene, men noko, eller nokon har gjort at dei ikkje har kunna produsere for fullt.

Ingrid Cecilie Ulla er ikkje sikker på kva som har gjort at omnen hennar ikkje har virka dei siste fem vekene, men noko, eller nokon har gjort at dei ikkje har kunna produsere for fullt.

Ingrid Cecile Ulla

Ingrid Cecilie Ulla er uroa over kva det er som gjer at omnen hennar har svikta i heile fem veker.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Omnen byrja i å svikte i romjula, og på det verste kunne den slå seg av kvart tjuande minutt. Nokre dagar slo den seg av berre ein gong for dagen. Årsaka er ikkje Ingrid Cecilie Ulla sikker på, men produksjonen på Ingrids glasverkstad i Ålesund har hatt stopp i snart fem veker.

– Eg sendte inn styringa, fekk ein ny, men heller ikkje den virka, fortel Ingrid Cecilie Ulla.

Då sendte ho inn den nye delen, men neste del fungerte heller ikkje. Verken elektrikar eller produsenten av omnen kunne forstå kva som var feil. Det har gjort at Ulla har byrja å tenkje på kva alternative årsaker.

– Eg satsar på at det ikkje er eit spøkjelse, men dersom det er det, så håpar eg at han som spøkjer ikkje er sint, seier ho.

Vart dytta

Ingrid Cecilie Ulla

Kollegaen til Ingrid Cecilia Ulla vart dytta då ho var på jobb. Ingen av kollegaene var i nærleiken.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ingrid Cecilie Ulla er ikkje sikker på om det er ein elektrisk feil som gjer at omnen deira stoppar støtt og stadig. Det har nemleg vore fleire mystiske hendingar på verkstaden. Kollegaen hennar opplevde noko som skremde alle på verkstaden.

– Ho stod her med ryggen til, slipte glas, og så fekk ho eit dytt i armen, seier Ulla.

Ingen av dei tre andre personane som jobbar på verkstaden var til stades, og det gjer Ulla litt skremd.

– Viss eg tenkjer for mykje på det vert eg truleg mørkeredd, seier Ulla.

Vil dei kanskje godt?

Etter å ha prøvd både elektrikar og nye delar, så fekk Ulla tips om at dei kunne tenne tre ljos og tenkje positivt, dersom det var "noko" i lufta. Det kan det kanskje tyde på at det er.

– Me bur i same huset, og då dottera mi var liten så såg ho ein mann i trappa, og ho ville gi han snop, seier ho.

Ulla har tenkt på om kanskje den same mannen har blitt sint, men at han òg kanskje vil dei godt.

– Kanskje det er nokon som vil meg vel, og som tenkjer at eg treng ein ferie, for eg har jobba veldig mykje, seier Ulla.

Sjølv om det har vore mykje problem med omnen, så kan det vere at det er fiksa ved å bruke ein ny kurs. Det ser ut til å fungere.

– Men, eg torer ikkje å tru at omnen verkar før den har gjort det ei stund, seier Ulla.

Sjå video frå då NRK var på besøk hjå glasverkstaden i desember.

Mange vil til Moloveien før jul.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL