NRK Meny
Normal

Omkom i motorsykkelulukke

Ein ung mann busett i Sunndal døde etter ei motorsykkelulukke i Portugal denne veka.

Politi

Ein ung mann busett i Sunndalsøra omkom i ei motorsykkelulukke denne veka.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Det skriv Aure avis torsdag.

Ifølgje avisa er den unge mannen busett på Sunndalsøra, men har familie i Portugal.

Han døde onsdag av skadane han pådrog seg i ei motorsykkelulukke tidlegare i veka.

Mannen vart frakta til eit lokalt sjukehus etter ulukka, der han vart lagt i kunstig koma. Skadane var derimot så omfattande at livet ikkje stod til å redde, skriv avisa.

Sunndal lensmannskontor opplyser til NRK.no at dei ikkje har mottatt melding om ulukka.