Hopp til innhold

Obduksjon og etterforsking startar måndag

Huset som brann i Molde sentrum i dag tidleg er totalskadd, og kan ikkje brukast. Ein mann omkom i brannen i tomannsbustaden.

Bustadbrann i Molde

To og ein halv time etter at brannen blei meldt pågår framleis arbeidet med sløkking.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

I tillegg til mannen som omkom bodde det to personar i huset. Dei må finne seg andre stader å bu. I starten av brannen var det ikkje gjort greie for dei heller, men dei kom til rette og den eine blei sendt til sjukehus.

Naboane som blei evakuerte har fått flytta heim,

Brannårsaka er ikkje klar

Politiet har så langt inga formeining om kva som er årsak til brannen, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl. Han seier vidare at den tekniske undersøkinga ikkje kan starte før det har blitt kaldt i brannruinane. Det vil seie at brannetterforskarane kjem på staden over helga.

Tidleg i neste veke blir og den omkomne mannen obdusert ved St.Olavs hospital i Trondheim.

Blir obdusert

– Det er vanleg med obduksjon når identifiseringa ikkje er eitt hundre prosent, seier Kjøl.

Politiet har likvel ei formeining om at det er mannen som budde i huset som er død, og har med atterhald orientert dei pårørande.

Brannen blei meldt i 05.30-tida og gjorde at alle nødetatane rykte ut. Brannvesenet var raskt på staden, men opne flammar var å sjå eit par timar etter at brannen starta. Det var også mykje røyk i området i Molde sentrum ei tid.

Bustaden var overtent og har altså blitt totalskadd.

Huset er gjennomsøkt

Huset er gjennomsøkt av brannvesenet og det var ikkje fleire personar der.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL