NRK Meny
Normal

Omfattande straumbrot i Molde og Aukra

To utfall førte til omfattande straumbrot i Molde og på Aukra tysdag kveld. Dei fleste skal no ha fått straumen tilbake.

Laster kart, vennligst vent...

Store delar av Molde var i ei periode utan straum etter at ei høgspentlinje havarerte i Torleifen, eit lokalt område på Fuglset i Molde, i 18.20-tida tysdag kveld.

– Det blei ein del røyk då brytaren havarerte, men det var ingen open eld, seier Gerhard Eidså, dagleg leiar i Istad Nett.

Straumbrotet ramma frå Fuglset og austover, men klokka 18.50 skal alle ha fått igjen straumen, unntatt dei som bur på Torleifen, opplyser Eidså.

– Det er om lag 30–40 husstandar som no er utan straum i dette området. Det vil ta ei stund før dei for straumen tilbake, men vi vil køyre ut med eit aggregat til desse husstandane, seier han.

Også straumbrot på Aukra

I tillegg til straumbrotet i Molde har Istad Nett eit straumutfall på Nord Gossen i Aukra inkludert Bjørnsund.

Klokka 20.14 hadde desse kundane fått tilbake straumen, opplyser Istad Nett. I overkant av 400 kundar blei råka av straumbrotet.

–Årsaka til straumbrotet er ukjent, men vi antek at det er ein fugl som har kome i kontakt med straumførande anleggsdelar, skriv selskapet.