NRK Meny

Omfattande smugfilming

Mannen i 20-åra, som er sikta for å ha filma jenter i garderobe med skjult kamera i ein knagg, ser ut til å ha drive langt meir omfattande smugfilming i ålesundsområdet. Politiadvokat Mathias Häber seier at dei under ransaking heime hos mannen sist veke fann to såkalla spionklokker, og filmsnuttar vise filming av jenterumper, mellom anna i daglegvarebutikkar og på bussar.