Omfattande skadar på to bilar

Det er store materielle skadar på to bilar etter at ein bil natt til laurdag køyrde inn i ein parkert bil på Skaret i Molde. Føraren vart frakta til legevakta med mindre skadar i ei arm. Politiet meiner at føraren hadde for stor fart i høve til føret på staden. Dei har dratt inn førarkortet til bilføraren.