Hopp til innhold

Omfattande skadar om Mannen rasar

Bustader heilt ned til Åndalsnes kan bli tekne av flaumvatn om det vert eit stort skred frå fjellpartiet Mannen i Romsdalen. (Sjå også video)

Folkemøte Mannen
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Langt fleire menneske enn tidlegare rekna med blir råka. 1650 menneske bur på strekninga som blir råka av flaumvatnet.

Fleire scenarier

Desse tala er henta frå det verste scenariet som blei presentert på eit folkemøte på Åndalsnes onsdag kveld. Om lag 200 menneske hadde møtt fram.

Målet med møtet var å legge fram den nyaste rapporten frå NVE, der kommunen, fylket og skredetatane og forskarar var til stades.

Millioner til rassikring av Mannen

Dramatiske følgjer av skred i Romsdalen

Hastar

NVE meiner det hastar med å setje opp skredovervakingssystem. Det er løyvd 5 millionar kroner frå Staten. Så snart det er mogleg å kome til startar bygginga av ein bunker for straumforsyning. Deretter skal det monterast radar, lasermåleutstyr og strekkstag.

Etter eitt år skal det vurderast om det trengs meir pengar og meir utstyr. Det er overvakingsstasjonen til Åknes/Tafjordprosjektet som skal leie overvakinga.

Mogleg med varsling

Geolog Lars Harald Blikra meiner det er mogleg å varsle eit eventuelt skred fleire månader før det går. Blikra er påtroppande leiar for Åknes/Tafjord-overvakinga.

Folkemøte Mannen
Foto: Espen Gjelsten / NRK

Fleire som bur i området seier dei er urolege og vurderer å flytte frå dalen. Men fylkesgeologen meiner dei ikkje treng å uroe seg.

- Eg kunne ha budd her sjølv. Det er fullt mogleg å varsle eit ras, seier Fylkesgeolog Einar Anda. Det einaste som kan skape ein stor katastrofe er om raset blir utløyst av eit sterkt jordsjelv, sa han.