NRK Meny
Normal

Omfattande overgrepssak opp for tingretten

Mannen frå Sunnmøre skal ha lurt mindreårige gutar til å vise seg nakne på web-kamera. Han skal også ha køyrt rundt til barneskular på Sunnmøre og blotta seg for barn og chatta om overgrep mot barn ned i 2-3-årsalderen. I dag startar rettssaka.

Ålesund tinghus

Rettssaka går her i det nye Ålesund tinghus på Skansekaia.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er ei lang liste med tiltalepunkt sunnmøringen må svare for når han møter i Sunnmøre tingrett denne og komande veke.

Overtalte gutar til å kle seg nakne

Gjennom forskjellige chatte-program skal han ha fått 11 mindreårige gutar til å vise seg nakne og utføre seksuelle handlingar. Mannen har, ifølgje tiltalen, site framfor datamaskinen sin i heimen på Sunnmøre og har hatt kontakt med mindreårige over store deler av landet.

Dei første tilfella i tiltalen skriv seg frå 2012 og dei siste i mars 2015 då han blei pågripen av politiet.

Blotting ved skular

Under rettssaka vil aktor også føre bevis for at mannen i 11 tilfelle har køyrt rundt til skular på Sunnmøre der han både har blotta seg og har hatt anna krenkande åtferd i påsyn av mindreårige.

Aktor kjem også til å legge fram tekstloggar frå chatteprogram der sunnmøringen skal ha gjennomført tekstsamtalar med seksualisert innhald med mindreårige. I desse tekstloggane kjem det også fram seksualisert omtale av svært små barn.

Sunnmøre tingrett

Saka går for Sunnmøre tingrett i rettssal 263.

Foto: Terje Reite / NRK

Filmar med overgrep

Mannen er også tiltalt for å ha hatt store mengder bilete og filmar som blant anna viser seksuelle overgrep mot barn. 17 filmar, laga med digitale grafiske verkty, viser overgrep mot barn som er framstilt (dataanimert) frå barnehagealder og opp mot 10 år.

6603 dataanimerte bilete viser, ifølgje tiltalen, gjennomførte samleie med barn som er framstilt ned mot 4-årsalder.

60 filmar inneheld, ifølgje tiltalen, alt frå poseringar til gjennomførte samleie med svært små barn.

Rettssaka startar måndag med innleiingsforedrag frå aktor. Også tiltalte skal forklare seg måndag. Ut over i veka blir det ført ei rekkje vitne. Det er venta at rettssaka vert avslutta tysdag 24. januar med prosedyrar frå partane.

Ålesund tinghus

Ålesund tinghus.

Foto: Terje Reite / NRK