Hopp til innhold

Fire nye smitta i Ålesund - no stenger kommunen ned

Påbod om munnbind og heimekontor, skjenkestopp og stenging av idretts- og kulturtilbod er nokre av tiltaka i kampen mot å stoppe smitten i Ålesund og to nabokommunar.

Tomme gater i Ålesund

STENGER NED: Ålesund kommune innfører strenge tiltak frå måndag. Dette gjeld også nabokommunane Giske og Sula.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Den siste veka har talet på smittetilfelle auka kraftig i Ålesund kommune. 21 personar er smitta i løpet av dei tre siste dagane. Søndag kalla kommunen inn til pressekonferanse.

– Auken i talet på smittetilfelle er svært urovekkande, seier kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg.

Fire personar er no innlagd ved sjukehuset i byen med koronasmitte, éin av desse får intensivbehandling

356 i karantene

356 personar er no i karantene. I tillegg er ein skuleklasse i såkalla ventekarantene.

– I løpet av kort tid har vi gått frå risikonivå 1 til risikonivå 3 til 4. Det er også påvist fleire tilfelle av den britisk koronamutasjonen, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Kommuneoverlege i Ålesund Olav Mestad

RISIKONIVÅ: Kommuneoverlege Olav Mestad seier det har skjedd ei dramatisk utvikling.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han beskriv smitteutbrotet som uoversiktleg, fordi det stammar frå fleire kjelder.

Det har fått konsekvensar for ein rekke stadar i kommunen. Blant anna er fleire trinn ved skular i karantene, det same er ein kohort i ein barnehage.

Legar ved eit legekontor i byen, tilsette ved Ålesund sjukehus og ein kommunetilsett er smitta.

Omfattande nedstenging

På pressekonferansen søndag varsla Ålesund kommune strenge tiltak for å hindre vidare spreiing av smitte.

Kommunen har valt å gå saman med nabokommunane Giske og Sula. Saman strammar dei inn meir enn dei nasjonale tiltaka.

Det blir mellom anna skjenkestopp påbod om heimekontor og forbod mot gjennomføring av arrangement.

Desse tiltaka gjelde

Forskrifta blir sett i verk ved midnatt natt til måndag, og vil vare fram til 11. april klokka 24.00. Frå då vil desse tiltaka gjelde:

  • Universitet, høgskolar og fagskolar skal halde sine lokale stengde for elevar og studentar slik at undervisninga skjer digitalt.
  • Treningssenter blir stengde. Det er gjort unntak for rehabilitering og opptrening individuelt eller i mindre grupper.
  • Symjehallar, badeland, spa-anlegg og hotellbasseng blir stengde.
  • Museum blir stengde.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar, spelehallar, leikeland, bowlinghallar og tilsvarande stader.
  • Kinoar, teater, konsertstadar og tilsvarande kultur- og underhaldingstilbod blir stengde.
  • Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Det blir innført tilpassingar, men som hovudregel blir desse stengt.

Det er også innført eit forbod mot gjennomføring av arrangement. Unntaket er seremoniar i trus- og livssynshus, inkludert bryllaup, gravferder, bisettingar, dåp og konfirmasjon.

Dei har også valt å gjere visse unntak for barn og ungdom.

– Barn og unge under 20 år kan halde fram med organisert kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar, seier Aurdal. Kommunen kjem også til å tillate innandørs trening for profesjonelle utøvarar.

Påbod om munnbind

Det blir påbod om munnbind på stadar der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Frisørsalongar blir så langt ikkje stengde.

– Det skjer ikkje før vi er på risikonivå 5, men vi vurderer situasjonen heile tida, sa kommuneoverlege Olav Mestad.

Strenge tilrådingar

Kommunen kjem også med ei rekke tilrådingar til innbyggjarane.

  • Du bør ikkje ha fleire enn fem gjestar i eigen heim. Det blir oppfordra om å møtast utandørs.
  • Du bør ikkje ha kontakt med meir enn 10 personar i løpet av ei veke – utover – naudsynte jobbkontaktar.
  • Du bør halde to meters avstand med andre personar i risikogrupper og i situasjonar der smitterisikoen er høg.
  • Alle bør unngå unødvendige reiser.
  • Innbyggjarane kan dra til fritidsbustad, men berre saman med folk i eigen husstand.
  • Busette i kommunen blir tilrådd bruke lokale kjøpesenter/varehus.

Håper å få kontroll raskt

Eva Vinje Aurdal

NØDVENDIG: Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), meiner tiltaka er nødvendige.

Foto: Remi Sagen

Ordførar Eva Vinje Aurdal håper at dei raskt kan få kontroll over situasjonen.

– Vi har fram til no klart å handtere smittesituasjonen i Ålesund på ein god måte. Det håpar eg at vi kan gjere i tida framover også. Men det er avhengig av at folk sluttar opp om tiltaka.

Ordførarane i Sula og Giske synest det er naturleg å innføre ein felles forskrift med Ålesund.

– Vi må hjelpe kvarandre så godt vi kan, seier Giske-ordførar Harry Valderhaug (KrF).

Harry Valderhaug

STÅ SAMAN: Giske-ordførar Harry Valderhaug (KrF) seier det er naturleg at dei innfører ein felles forskrift med Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ber folk halde seg i ro i påska

Påskeferien nærmar seg med stormskritt. Kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad, seier at dei ønskjer å unngå at folk reiser mellom Austlandet og Ålesund. Dette for å ha kontroll på smittesituasjonen.

– Unngå det som ikkje er nødvendige reiser. Dei som kan halde seg i ro bør gjere det, seier Mestad.

Unntaka er nødvendige jobbreiser, besøk knytt til gravferder eller alvorleg sjukdom eller studentar som skal heim til påske.

Kommuneoverlegen har klare råd til dei som kjem til Ålesund etter å ha vore i område med høgt smittetrykk.

– Dei bør ha lite sosial kontakt og låg terskel for å teste seg. Dette gjeld sjølvsagt for alle. Har du symptom på covid-19 så skal ein halde seg heime og be om ein test, seier Mestad.

Sjå hele pressekonferansen her

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL