Hopp til innhold

Ombooking etter ombooking

Ingen fly vågar seg på rullebana på Ålesund lufthavn. Somme reisande har venta svært lenge på å kome seg av garde.

Ombookingar

Det er ikkje så reint få ombookingar Erlend Hanssen har fått det siste døgnet. Framleis veit han ikkje om det vil bli fleire.

Foto: Hilde Røsvik / NRK

Geir Bjorsvik og Erlend Hansen

Geir Bjørsvik og Erlend Hanssen har venta i mange timar på å kome seg nordover frå Ålesund lufthavn.

Foto: Hilde Røsvik / NRK

Geir Bjørsvik skulle eigentleg til Stokmarknes går klokka 17, men har stranda i Ålesund på grunn av vêret. Det same gjeld for Erlend Hanssen som er på veg til Leknes.

Mennene, som begge er på jobbreise, kjente ikkje kvarandre frå før, men har det siste døgnet blitt vennar som følgje av den felles lagnaden. Fredag morgon venta dei forgjeves på flyplassen i håp om avgangar som kan frakte dei nordover.

– Det var mykje frustrasjon på flyplassen i går, men i dag er det greitt. Folk forstår situasjonen, seier Hanssen.

Dei har fått beskjed om at dei tidlegast kjem seg av garde klokka 12.

– Vi har innstilt oss på situasjonen, så det blir ikkje noko jobbing i dag, seier Bjørsvik.

Mennene er fornøgde med behandlinga dei har fått av SAS, men etterlyser betre informasjon.

– Vi kunne ha fått informasjonen til hotellet om dei innstilte fly i dag, slik at vi slapp å reise til flyplassen, legg Bjorsvik til.

– Må berre vente og sjå

Elias Molnes jobbar for SAS på Ålesund lufthavn. Han seier folk har forståing for vêrsituasjonen.

– Det går greitt. Folk er ikkje sinte i dag.

Førebels kan han ikkje seie så mykje om når flya vil begynne å gå igjen.

– Dei må berre vente og sjå. Tre fly står her. Vi har mannskap, så vi vil gå når det letnar, seier han.

Stengt for flytrafikk

Ålesund lufthavn er no stengt for flytrafikk som følgje av uvêret. Sidevinden er så sterk på rullebana at det er umogleg for flya å ta av eller lande.

– Det er veldig kraftig vind på tvers av rullebana. Det gjer at det er umogleg å ta av eller lande slik som forholda er i dag, seier han, sa stasjonssjef Tor Hånde i Avinor fredag morgon til NRK.

Ifølgje Hånde er det er målt over 60 knop på rullebana, noko som er nær orkans styrke i vindkasta. I morgontimane vart eitt fly snudd 90 grader med vinden og trefte ei flytrapp. Flye stod parkert på bakken under hendinga. Flyet har fått materielle skadar, men ingen personar skal ha blitt skada i hendinga.