Hopp til innhold

Olympic Shipping legg tre skip i opplag

Reiarlaget Olympic Shipping i Herøy legg tre av skipa sine i opplag. Om lag 60 tilsette får varsel om permittering.

Olympic Energy

MÅ PERMITTERE: Olympic Shipping må permittere omlag 60 tilsette.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Det er for få oppdrag og for mange båtar i offshorenæringa. For Olympic Shipping som har base i Fosnavåg i Herøy, betyr det at dei må legge tre båtar til i opplag. Frå før har dei ein i opplag.

– Marknaden som skipa opererer i er svekka og difor vel vi å legge skipa stille i ein periode. Det er svært beklageleg, seier HR-direktør Vegard Knardal.

LES OGSÅ:

Blir permitterte

At skipa vert lagt i opplag betyr at omlag 60 eigne tilsette får varsel om rederipermittering, i tillegg til terminering av kontraktar for innleigd personell. Reiarlaget har 800 tilsette i offshorenæringa

Stig Remøy

I OPPLAG: To ankerhandteringsskip og eitt forsyningsskip blir lagt i opplag.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Dei tillitsvalde og tilsette er varsla, og vi arbeider i fellesskap for å finne så gode løysingar som råd i denne krevjande situasjonen, seier Stig Remøy, adm. dir. i Olympic Shipping.

Håper på oppdrag

Reiarlaget jobbar hardt for å unngå at fleire skip skal måtte leggast i opplag. Dei har 23 offshorefarty.

– Vi håper å få skipa som ligg i opplag i sving att om ikkje så lenge, seier Vegard Knardal.