NRK Meny

Olympic med forlenga avtale

Reiarlaget Olympic har nok ein gong fått forlenga si avtale med kreditorane. I ei melding til Oslo Børs melder selskapet at avtalen er forlenga til den 25. november, skriv Sunnmørsposten. Olympic jobbar med å finne ei langsiktig løysing på sine gjeldsproblem. Avtalen inneber at dei kun betaler rente til kreditorane.

Olympic Shipping
Foto: Øyvind Sandnes / NRK