Regjeringa skal før påske avgjere om det skal startast leiteboring midt i dei viktigaste gyteområda for norsk vårgytande sild.
Politisk motstand
Det er fire blokker for oljeleiting nær land striden først og fremst står om. Og både Bjørn Jacobsen (SV), Asmund Kristoffersen (AP), Svein Gjelseth (AP ) og Oddbjørn Vatne (SP) åtvarar regjeringa mot å sette i gang leiteboring utanfor Sunnmørskysten.
Fødestove for norsk sild
Store mengder sild som kvart år blir tatt opp utanfor Sunnmøre er hovudgrunnen til motstanden mot oljeboring.. Her er det viktigaste gyteområdet for norsk sild. Her er det også planar om oljeleiting. Ei samla norsk fiskerinæring og havforskarar åtvarar sterkt mot oljeaktivitet i dette sårbare gyteområdet for sild som dessutan er oppvekstområde for fleire andre fiskeslag. Dagleg leiar i Møre og Romsdal fiskarlag, Ole Morten Sorthe, seier at berre små utslepp kan utrydde heile den norske sildestammen. Havforskarar har rekna ut at den årlege verdien av denne sildestammen er 8-9 milliardar kroner.
Politisk nøtt
Det var Bondevik-regjeringa som gav oljeselskapa høve til å søkje om leiting nær Sunnmørskysten, imot klare råd frå havforskarane. No skal Stoltenberg-regjeringa før påske avgjere om oljeselskapa skal sleppe til med boreriggane sine her - i det mange kallar fødestova for norsk vårgytande sild.
Olje-og energiminister Odd Roger Enoksen får altså eit sterkt press mot seg i vekene framover. Spørsmålet om oljeleiting på Sunnmørskysten, i Lofoten og utanfor Finnmarkskysten er ei svært vanskeleg sak for regjeringa.
Hestehandel?
Fiskarinteressene fryktar at regjeringa skal seie ja, trass i motstanden frå sine eigne i Stortinget. Ole Morten Sorthe i Fiskarlaget seier at han er redd for at regjeringa fredar område i Lofoten, men opnar for oljeboring utanfor Sunnmøre.
Kart over dei utlyste blokkene finn du her: Utlyste blokker i Norskehavet