NRK Meny

Oljeøkonom varslar oljenedbygging

Nedgangen i oljeindustrien er eit vendepunkt, seier oljeøkonom Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger. For sjølv om vi finn fleire oljefelt på norsk sokkel, så må vi ta inn over oss at oljen er i ferd med å ta slutt. Han påpeikar at vi ikkje kjem vekk frå at det blir mindre olje på sokkelen og at den oljen som er igjen blir dyr å hente opp.