Hopp til innhold

Olivinsand hindrar forureining

Ein ny marknad kan opne seg for olivinsanden frå Vanylven.

North Cape Minerals på Åheim

North Cape Minerals på Åheim i Vanylven

Foto: Photographer HARALD M. VALDERHAUG, NO-6050 VALDERØY - NORWAY. Phone: + 47 701 82 375 E-mail: harald@valderhaug.no / Harald M. Valderhaug

Steinar Slagnes, North Cape Minerals

Steinar Slagnes

I over ti år har North Cape Minerals forska på eigenskapane til olivinsanden saman med Institutt for geologi og bergteknikk i Trondheim. Det viser seg at olivin eignar seg svært godt til å binde tungmetall. Forskings- og utviklingssjef Steinar Slagnes i North Cape Minerals på Åheim i Vanylven trur at dette kan skaffe nye marknader både innanlands og utanlands.

- Vi ser for oss ei eigen produksjonslinje for dette med tida, seier han. Det kan også bety fleire arbeidsplassar.

Skytefelt

Selskapet har i desse åra hatt fleire oppdrag for Forsvaret. Blant anna har olivinsanden stoppa 95 prosent av tungmetallutsleppa frå det nye skytefeltet på Rena. Avisa Synste Møre skriv torsdag at det også skal brukast olivin i den store oppryddinga i det nedlagde skytefeltet på Hjerkinn.

Det blir også arbeidd med å redusere avrenninga frå grovavfallsplassar ved å bruke olivin.

- Olivin absorberer svært godt tungmetall som kopar, bly og sink, seier Rolf Arne Kleiv, som er førsteamanuensis i mineralteknikk ved NTNU i Trondheim. - Dessutan har vi sett at det kan absorbere organisk forureining, fortel han.

U-864

U-864 ved Fedje

Foto: Geoconsult/Kystverket

Kvikksølv

Olivinsanden kan også binde kvikksølv, og blir no nemnd i samband med tiltaka for å hindre kvikksølvlekkasje frå den tyske ubåten U-864 som ligg på 150 meters djup vest for Fedje i Hordaland. Ubåten blei senka i februar 1945 då han var på veg frå Tyskland via Noreg til Japan med krigsmateriell. Blant anna var det om lag 65 tonn kvikksølv om bord, lagra på stålflasker. Det er påvist at det lek ut kvikksølv frå ubåten. Det har vore vurdert kva som bør gjerast med vraket, og Kystverket tilrådde den 10. november at det bør tildekkjast. Det blir sett på som mindre risikabelt enn å heve det.

Kystverkets nettside om U-864