Fagforeininga hevdar leiinga lova at ingen skulle seiast opp då selskapet kjøpte opp Olivin i Vanylven.
No er det likevel bestemt å seie opp 21 personar.
Men Solberg seier dei aldri har lova å skjerme talet på tilsette.
Det er Norsk Arbeidsmands-forbund som har reagerert skarpt på varselet om å seie opp 21 tilsette ved Olivin på Åheim i Vanylven.
Løftebrot?
Distriktssekretær i forbundet, Per Ørnulf Andersen, seier varselet om oppseiingar er eit klart løftebrot frå leiinga.
Andersen seier direktør Birger Solberg ga desse lovnadane, då den tidlegare statlege verksemda vart selt til amerikanske North Cape Minerals i februar 2000.
- Ingen skulle seiast opp, og vi trudde på det, seier Andersen.
Solberg avviser altså at han skal ha gitt slike lovnader.
Dei tilsette har lagt fram ein rapport der dei peikar på at det ikkje er naudsynt å seie opp folk for å styrke bedrifta for framtida.
Ifølgje Norsk Arbeidsmandsforbund går verksemda med stort overskot, og Andersen meiner motivet frå leiinga er å auke overskotet endå meir.
Forhasta
-Dagens politikk går ut på at alt anna enn hovudproduksjonen kan settast vekk til andre. Men erfaringa viser at Olivin tener på å utføre tildømes vedlikehaldet av maskinparken sjølv, meiner Andersen.
Han meiner at avgjerda til leiinga er forhasta, og at dei tilsette sit med følelsen av ikkje å bli høyrt.