NRK Meny
Normal

Oldebarn tapte saka om unik fotosamling i Kristiansund - museum får behalde alt

Oldebarnet kravde å få tilbake den unike Sverdrupsamlinga, men tapte i retten. No får Nordmøre Museum behalde alt.

Skoler i Kristiansund

Eitt av postkorta med motiv frå Nordlandet barneskole, som Georg Jacob Sverdrup tok. Truleg er dette frå eit friminutt.

Foto: FylkesFOTOarkivet

Det er striden om unike, historiske foto av Nordmøre i "gamle dagar" som no har hamna i retten. Saka kom opp etter at eitt av oldebarna kravde å få tilbake frå Nordmøre Museum den såkalla "Sverdrupsamlinga".

– Georg Sverdrup tok bilete av alt som gjekk føre seg mellom anna i Kristiansund på eit tidspunkt der få andre hadde fotoutstyr, seier konservator Odd Williamsen ved Nordmøre Museum.

– Då tok han systematisk, nesten dagleg bilete, så samlinga dekkjer så mange hendingar og personar, legg han til.

Sjeldan strid

Striden starta då eitt av oldebarna kravde å ha retten til samlinga, som gjekk i arv frå far til son, før ho blei overtatt av familiebedrifta Sverdrup Bokhandel i 1973. I 1987 blei samlinga overført til Nordmøre Museum. No slår retten fast at det er der ho høyrer heime.

– Det er fint og bra og gledeleg, og vi er tilfredse med utfallet. Men vi syns jo at det er synd at det måtte gå så langt. Det er sjeldan at museum hamnar i rettssak om opphavs- og eigedomsretten til ting i samlinga, seier Williamsen.

Støtta seg på ugyldig styrevedtak

Oldebarnet viste i retten til eit styrevedtak i familieselskap i 2003, som sa at "Sverdrupsamlinga" no skulle høyre til han. Men retten slår fast at styrevedtaket ikkje er gyldig, all den tid familieselskapet ikkje lenger eigde samlinga, som inneheld mellom anna gamle dokument, postkort og om lag 2500 foto.

– Misforståing låg bak avtale

Mannen viste vidare til at det for nokre år sidan blei inngått ein deponeringsavtale mellom museet og han, som eigar. Men retten meiner avtalen var basert på ei misforståing som førte til at den dåverande direktøren for Nordmøre Museum trudde oldebarnet eigde samlinga, og difor inngjekk ein avtale med han.

Skriv frå dei tidlegare eigarane

I dommen blir det også vist til det Nanna Sverdrup, svigerdottera til Georg Jacob Sverdrup, skreiv i 1973: "Jeg vet at det var min mann Helges mening at samlingen har en stor kulturhistorisk verdi for Kristiansund og Nordmøre. Jeg ber derfor Sverdrups Bokhandel A/S ta de nødvendige skritt for å bevare samlingen for ettertiden selv, eller ved å finne den institusjon som best kan ta vare på den ved en jubileumsgave fra firmaet".

Håper det blir ro

Odd Williamsen

Konservator Odd Willamsen ved Nordmøre Museum seier han er glad for at dei no får behalde Sverdrupsamlinga.

Foto: Roar Halten / NRK

Retten har no slått fast at Nordmøre Museum åleine har eigedomsrett og eksklusiv bruksrett til samlinga. Oldebarnet må også betale sakskostnader på vel 78 000 kroner. Nordmøre Museum meiner bileta er unike, og håper at det no blir ro rundt saka.

– Det beste er at det no blir ro om saka, og at publikum tek samlinga i bruk, seier Williamsen. Alle foto frå Sverdrupsamlinga finst på nettstaden fylkesfoto.no.

Oldebarnet ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK Møre og Romsdal.