Kirketomta i Kristiansund. Foto: Anne-Mari Flatset
*******
SISTE:
I ettermiddag vart det klart at både Thon og dei andre partane har bestemt seg for å gå vidare med planane om hotell på Kirketomta.
*******
Saman med Thon var fleire andre investorar og hotellfolk. I dag såg dei på Kirketomta, som ligg mellom Festiviteten og gamle Langveien ungdomsskole. Tanken er at også skulebygningen skal brukast til kulturformål.
Hotell og kultur
Olav Thon driv Hotel Opera i Oslo, og derfor snakkar han gjerne om eit "operahotell" i Kristiansund. Han seier at han enno ikkje har bestemt seg for Kirketomta, men han vil prøve å få bygt eit hotell i Kristiansund og ser gjerne at det har nær tilknyting til kulturen. Operasjef Thomas Thomassen seier til NRK at den operainteresserte Olav Thon viste stor begeistring for Festiviteten, som han kalla "eit herleg bygg."
Lars Løseth i Amfi Eiendom seier at han har god tru på prosjektet, og at dei har møtt positive haldningar hos politikarar og tilsette i kommunen. Bygginga av det nye hotellet kan komme i gang i løpet av 2007.