Hopp til innhold

Olav Nils Sunde inn i AaFK

Finansmannen Olav Nils Sunde går inn med eit titals millionar kroner i AaFK over ein treårsperiode. Det melder Aalesunds fotballklubb på nettsidene sine.

Sunde skal både doble sitt bidrag til AaFK i forhold til nye sponsorkontraktar som klubben inngår, og han skal auke summen på eksisterande avtalar.

– Dess meir lokalt næringsliv støttar klubben med, dess meir kjem det frå Sunde, heiter det på nettsidene til AaFK.

Sportskjedene som Olav Nils Sunde har interesser i kjem til å bli meir synlege på stadion, som frå før ber namnet til Sunde sitt reiarlag Color Line.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL