Hopp til innhold

Olav (15 mnd) kan ikkje sove utan bamsen - no jaktar foreldra desperat på ein ny

Olav Løe (15 md.) nektar å sove utan bamsen sin. No trålar foreldra salssider over heile landet for å finne ein ny. Men søvnekspert åtvarar mot for mykje dill på sengekanten.

Olav Løe (15) søv i senga med bamsen sin

Olav Løe (15 md.) kan ikkje sove utan å ha bamsen sin ved sida si. Ifølgje mora har dei to vore uadskillelege sidan guten var to månader gamal.

Foto: privat

Den vesle guten Olav Løe (15 månader) i Overhalla i Nord-Trøndelag fekk den kjære bamsen sin av venninna til mora då han var nyfødd. Den første tida var han for liten til å bry seg, men ifølgje mora endra det seg fort. No er dei uadskillelege.

– Han blei avhengig i to-månaders-alder, og avhengigheita aukar for kvart sekund, seier Mona Løe (25).

Mona Løe på kjøkkenet

Mona Løe (25) seier guten hennar blei avhengig av bamsen sin då han var to månader gamal.

Foto: privat
Må ha bamsen for å sove

For den snart halvanna år gamle guten kan ikkje sove utan kosedyret sitt trygt under hovudet. Og ho fryktar at bamsen snart blir utsliten.

– Han er heilt avhengig. Dersom bamsen er i tørketrommelen for å bli tørr til han skal leggje seg, kan han ikkje sove, for han skal ha bamsen, seier Løe. Ho har også to jenter på snart tre og åtte år, og ingen av dei har vore så avhengige av kosedyr for å sove.

Les også:

Leitar landet rundt

Dei siste vekene har mora lagt ut meldingar på rundt 20 kjøp- og sal-sider over heile landet, med etterlysing av ein ny bamse. 5. november la ho ut den same annonsen på ei kjøp- og salsside for Ålesund, sjølv om familien sjølve bur i Nord-Trøndelag. Her får ho råd om å prøve kiosken på Levanger sykehus, og det er langt frå det einaste rådet.

– Vi har leita i butikkar både i Sverige og Noreg, utan hell, seier 25-åringen.

Ho har også bedt bamseprodusenten i Sverige om hjelp, og fått dei til å leggje ut ei etterlysing på sine internettsider. Men ikkje fått napp.

Etterlyser bamse på facebook

Denne annonsen ligg ute på om lag tjue kjøp- og salssider på internett.

Foto: skjermdump

– Vil ha erstatning for mor

Småguten i bygda Overhalla er ikkje den einaste som treng bamsen, kosekluten eller puta si for å få sove. Helsesyster Karin Naphaug, som arbeider som søvnterapeut, seier dette til sjuande og sist berre er erstatningar for mor.

– Veldig mange småbarn sovnar jo ved puppen til mor. Når mor ikkje orkar det meir, så treng dei eit substitutt. Enkelte kan bli heilt avhengige av ein spesiell bamse, og bli heilt hysteriske dersom han går sund eller forsvinn, seier Naphaug.

Sjukmelde på grunn av sengekos

Karin Naphaug

Søvnspesialist Karin Naphaug seier mange barn som vil ha klutar og bamsar i senga leitar etter erstatningar for mor si.

Foto: Inger Marie Grini

For enkelte blir rett og slett avhengige av bamsen eller kosekluten. Naphaug fortel at ho nettopp har jobba med ein familie der mora er blitt sjukmeld på grunn av nakkeskadar etter at barnet var blitt vand med å ha mora sitt hår hengande ned i senga for å klare å sovne.

Ei anna mor fekk slitasjeskadar etter å ha sete kveld etter kveld med handa gjennom sprinklane i senga – og med eit spesielt armbandsur på handa. Den tikkande lyden var heilt nødvendig for at barnet i den familien skulle klare å sove.

– Dei kjem inn i ein sirkel som dei ikkje kjem ut av utan hjelp. Mange gongar gjer ein kva som helst for å få barnet til å sove, og få sove sjølv. Dei som kontaktar meg har halde på så lenge, at dei ikkje lenger veit korleis dei skal kome seg ut av dette, seier ho.

Løysinga for barnet som måtte ha mora si hår, var å kjøpe ein parykk.

– Viktig å vere bevisst

Karin Naphaug meiner foreldra gjer seg sjølve ei bjørneteneste dersom dei let barnet blir for avhengig av spesielle ritual eller rekvisittar for å få sove.

– Det er veldig viktig å vere bevisste på dette, så ein ikkje køyrer seg heilt fast. Det er viktig å lære barnet å finne søvnen sjølv, og å lære barnet å sove utan stimuli eller andre duppedittar, seier ho.

  • Har du lure tips til korleis mor og far kan få slutt på dillinga ved sengekanten? Gje oss tips i kommentarfeltet under artikkelen!

Håper på bamse i julegåve

Trebarnsmora Mona Løe (25) er ikkje redd for at guten har blitt for avhengig av bamsen sin. På årets julekort har minstemann Olav (15 md.) bamsen i handa, og systrene Malene og Angelica ved si side. Ifølgje mora hadde ein ny bamse vore ei super julegåve.

– Det beste som kunne skjedd var at vi fekk tak i ein slik bamse. Kanskje nokon som ikkje er så avhengig kan sende han til oss, så skal dei få pengar til å kjøpe noko anna, seier Mona Løe.

Olav Løe med systrene - og bamsen sin

Olav Løe med systrene Angelica Urdshals (7), Malene Grande (2) og bamsen. No ønskjer han seg ein ny bamse til jul.

Foto: privat